Høgtlesing er gull

Derfor skal du lese for barna

Sett av litt tid kvar dag til å lese høgt for barna. Det er den beste investeringa du kan gjere. 

Å bli lest for stimulerer språkutviklinga og gir eit større ordforråd

Det er aldri for tidleg å byrje lese høgt for barnet ditt. Barn som har blitt lest for frå dei er heilt små (før fylte to år) har eit mykje betre ordforråd når dei skal starte på skulen enn dei som ikkje har blitt lest for før seinare. Eit godt ordforråd gjer at ein forstår meir av det som skjer på skulen, og ein heng betre med i læringa. Eit dårleg ordforråd gjer at ein får med seg mindre, og det kan øydelegge for vidare læring.

Høgtlesing fører til betre leseevne

Lesing er det viktigaste kompetanseområdet i skulen. Barn som bli lest for, blir sjølv betre lesarar. Les du høgt for barnet ditt, gir du han eit godt utganspunkt for å lukkast på skulen.

Høgtlesing fører til betre skriveevne

Barn som får høyre eit stort utval forteljingar, blir kjent med og vil betre forstå oppbygginga i ein tekst. Dette er grunnleggande når ein sjølv skal skrive. Gjennom høgtlesing kan du dessutan introdusere barnet for meir komplekse og lengre historier enn barnet orkar å lese sjølv.

Gode lese- og skriveevner gir større mogelegheiter både innan utdanning og i arbeidslivet.

Høgtlesing gir barnet leselyst

Koselege lesestunder med høgtlesing gir barnet positive assosiasjonar med lesing. Slike positive erfaringar og gode historier gir meirsmak, og vil gjere at barnet sjølv gjerne tek opp bøker seinare.

Høgtlesing stimulerer fantasien og nyfikna

Når du les for barnet ditt, er barnet sjølv med på å dikte på historia og skapar sine eigne bilete i hovudet. Litteratur stimulerer både fantasien og lysta til å vete meir.

Høgtlesing øver konsentrasjonen

Høgtlesing er ein glimrande måte å øve konsentrasjonen på. Når du les for barnet ditt, lærer barnet å lytte og konsentrere seg om historia.

I dei siste åra har evna til å konsentrere seg gått faretruande ned. Meir høgtlesing og meir lesing i fysiske bøker er medisinen.

Høgtlesing styrkar relasjonen mellom barn og vaksen

Å lese ei bok saman opnar for samtale. Ta pausar og svar på spørsmåla, snakk om bileta eller om det de les. Les igjen. Høgtlesing kan la deg bli betre kjent med barnet ditt. Bøker er gode samtalestartarar, og kan gjere det lettare å ta opp eit tema som er vanskeleg å snakke om.

Å lese bøker gir økte sosiale evner og meir empati

Å sjå verda frå andre sine synspunkt igjennom litteraturen er ein ufarleg måte å leve seg inn i andre sine kjensler og opplevingar. Slik kan ein møte andre med større omsorg og forståing i den verkelege verda. 

Og er det noko verda treng, er det meir omsorg og forståing for andre.