Knasteriet
Eit berekraftig mikroforlag
Vårens vakraste diktsamling
Berre dagar etter at Ina Giske hadde levert manuset til det som skulle bli "Sjøhesten Hippo og plasten i havet", vart ho angripen av ein hund. Bittet gav henne sopass alvorlege skader at ho har vore plaga av smerter sidan. Ho utvikla etter kvart CRPS (Komplekst Regionalt Smertesyndrom), og må leve med skadene resten av livet.
Samtidig som ho står midt i dette, blir dottera hennar sjuk, og må gjennomgå ein stor operasjon.
Ina klarer å snu motgang til medgang, og ut frå det vanskelege veks det etter kvart eit dikt til dottera. Så kjem det fleire dikt, og dikta blir ei heil samling.
"Døra til havet - tankar i tid" er ei vakker, sår og tankevekkande diktsamling som famnar dei ulike fasettane i livet.
Dikt du vil kjenne deg igjen i.
Sikre deg denne nydelege diktsamlinga frå Ina Giske no!
Gløymde fotefar
og andre dikt av Arne O. Storås
Ei trutna skrivebordsskuffe skulle vise seg å skjule ein skatt. Ein skatt med personlege, såre og nære tekstar, alle saman sirleg nedskrivne av Arne O. Storås.
Arne O. Storås (1908-2002) frå Eidsdal var gardbrukar heile sitt liv, men poet i hjartet. Fleire år etter at Arne var gått bort, dukka dikta hans opp under ei vårreingjering på garden.
I denne samlinga finn du eit utval av
dikta familien fann denne vårdagen i Eidsdal.
Sjøhesten Hippo og plasten i havet
Spenning, dramatikk og miljøvern hand i hand
Bli med på ei eventyrleg reise under vatn!
Livet i havet er magisk, mystisk, heilt fantastisk, og kan trollbinde både liten og stor. Diverre er det noko som truar havet og dei som bur der: Plast og anna søppel.
I boka "Sjøhesten Hippo og plasten i havet" møter vi sjøhesten Hippo som blir kasta ut på ei skummel, men også lærerik ferd i havet. Dette er ei historie om samarbeid og vennskap på tvers av art, men mest om utfordringane plasten i havet skapar for dei som bur der.
Faktadelen bak i boka går djupare inn på problema knytt til plasten i havet, og kva ein kan gjere sjølv.
Ei bok for alle som er glad i havet.
Forfattar: Ina Giske
Illustratør: Børge Sandnes
Sofia og Trollet
Ekte sunnmørsk eventyr!
"Sofia og Trollet" er ei litt skummel, men mest morosam eventyrbok om modige Sofia som må redde prinsessebamsen sin frå trollet i Aurdalsnibba. Historia er lettlest og passe kort, og trollet byr på ymse krumspring til stor fryd for dei små. Sjølv dei som ikkje greier sete stille særleg lenge vil ha glede av denne trollete historia. 2-5 år.
Forfatta av Sten Bjørnar Lamo frå Sykkylven, og illustrert av Elin Helland Johansen.
Hekle Hippo-bamse
Gratis hekleoppskrift
Sjølvaste Marit Karlsen Skjong (betre kjend som "maritparit" i sosiale media) har designa den flotte Hippo-bamsen vår. Han er med Ina overalt, og vart raskt populær både blant store og små.
No kan du lage din heilt eigen sjøhest, oppskrifta får du her.
Kan du ikkje hekle, seier du? No worries! Det kunne ikkje Marit heller, ho lærte det på YouTube! Det er dessutan kjempebra hjernetrim å lære seg noko nytt, så her er det inga unnskyldning...
Lukke til!
Gratis fargeleggingsark
No også Sjøhesten Hippo!
Fargelegging er tipp topp for å trene blyantgrepet, og er ein fin aktivitet dei aller fleste barn likar. No kan du laste ned fargeleggingsark av både Sofia, Trollet og Sjøhesten Hippo.
Ja, send meg fargeleggingsark!
Meir å fargelegge finn du i nettbutikken.
PS. Vi blir veldig glade om du vil dele resultatet med oss på Instagram og/eller Facebook! Tagg @Knasteriet og @Sjohesten_Hippo, så deler vi gjerne vidare.